Job Description
Om stillinga
Vinterdalen barnehage ligg idyllisk til i Sandviken, med flott utsikt over Byfjorden og kort veg til naturen. Vi er ein av fire barnehagar knytt til Helse Bergen, med om lag 60 barn og 15 engasjerte tilsette fordelt på fire avdelingar. Storleiken gir oss eit nært og trygt arbeidsmiljø – samtidig som vi har eit mangfald av perspektiv og kompetanse.
Hos oss får du vere med på å skape gode opplevingar for barn i alderen 1–6 år. Vi legg vekt på leik som den viktigaste arenaen for læring og utvikling. I barnehageåret 2025–2026 har vi særskilt fokus på leikemiljøet – vi jobbar aktivt for å skape inkluderande møteplassar der alle barn kan delta og oppleve meistring.
I tillegg er livsmeistring og helse eit satsingsområde for alle dei fire barnehagane. Vi ønsker å gi barna tryggleik, trivsel og livsglede i kvardagen, slik at dei bygger eit positivt sjølvbilde og blir rusta til å møte livets utfordringar.
Vinterdalen barnehage tilbyr 100% stillin...
Apply for this Position
Ready to join Helse Bergen? Click the button below to submit your application.
Submit Application