Job Description

Vikariat som fastlege Vigrestad, frå (eller etter avtale) til med mulighet for forlenging.

Me er på jakt etter ein lege til å bli ein del av den gode gjengen på Vigrestad legekontor. Kontoret fyller 40 år og kjernepersonellet har vore der heilt sidan starten. Kontinuiteten er difor absolutt på plass og trivselen er høg.

Legesenteret på Vigrestad består av 6 fastlegar, lis 1 og samarbeidande personell som hovudsakleg er sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, me har og psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådjevning.

Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarb...

Apply for this Position

Ready to join Hå kommune? Click the button below to submit your application.

Submit Application