Job Description
Om stillinga
I Elvevegen bueining bur det 10 bebuarar med nedsett funksjonsevne i alderen 32-74 år som vi gjev heildøgns helse og omsorgssteinestar til. Bebuarane har varierande utfordringar og hjelpebehov. I tillegg gjev vi tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet. Me har avlastingsbustad for barn og unge og dagsenter knytt til eininga. Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre. Personalgruppa i Elvevegen er samansett av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomme med offentleg transport. Vi søker no etter ein robust medarbeidar som har engasjement, godt humør og lyst til å bidra til fellesskapet vårt. Vil du vere med å bidra til god livskvalitet og ein meiningsfull kvardag for bebuarane...
Apply for this Position
Ready to join Vaksdal kommune? Click the button below to submit your application.
Submit Application