Job Description
Vil du bidra til at personar med sjukdom eller nedsatt arbeidsevne kjem seg i arbeid? Trur du at dei fleste, sjølv med fysiske eller psykiske utfordringar, kan stå i ordinært arbeid? Ønsker du for å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag? Då kan dette vere jobben for deg
Vi har no ledig ein fast stilling ved avdeling Oppfølging ung på Nav Bergen sentrum.
Her får du jobbe med oppfølging av unge brukarar og vere ein viktig del av eit kontor som har høge ambisjonar for kvalitet og resultat. Vi jobbar etter prinsippet om kontinuerleg forbetring for å gje brukarane våre best mogleg støtte og nye moglegheiter. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og er bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel....
Apply for this Position
Ready to join Nav? Click the button below to submit your application.
Submit Application